Navigate / search

  • FuN MØTEPLASSER

    Vi ser fram til en rekke arrangementer, seminarer og kurs i 2017. Nytt! Vi har også lagt inn en kalender for konferanser i inn- og utland arrangementer

  • FuN MEDLEM

    Her ligger artikler om utviklingsprosjekter, studenthistorier, nytt og nyttig for deling og videreformidling. God lesing! FuN medlem

  • FuN PUBLIKASJONER

    Her kan du lese fagbladet SYNKRON, samt
    konferansematriell, hefter, håndbøker og brosjyrer publikasjoner

  • FuN-BLOGGEN

    Torhild Slåtto har blogget om fraværsgrensa på en sommerdag Les FuN-bloggen her

FuN og Globalskolen skal til Arendalsuka, kommer du?

Flyer til arendalsuka

Globalskolen til ArendalsukaArendalsuka er en årlig nasjonal arena hvor aktører innenfor politikk, samfunns- og næ…

Posted by Globalskolen on Thursday, June 29, 2017

Fråversgrense på ein sommardag

Eit mottrekk til «venne seg til arbeidsliv»-argumentet er dei sterke endringar vi ser i arbeidslivet. Jobben vert gjort heime, på reise, på kafé og ofte med fleksible tidsrammer.

Truleg er det riktig å gi elevane eit visst spelerom, ikkje stengja dei inne i eit klasserom i eit bestemt tal timar for dagen.
Truleg er det riktig å gi elevane eit visst spelerom, ikkje stengja dei inne i eit klasserom i eit bestemt tal timar for dagen.

Fråversgrensa er ein suksess. Fråveret i vidaregåande skole går ned, melder kunnskapsministeren midt i ferietida. 40 prosent nedgang når det gjeld heile dagar, og 33 prosent nedgang for timar. Slike tal er kraftig skyts i diskusjonen om ja eller nei til fråversgrense. Regjeringa vil nok stå på ei slik grense også til hausten. Sjølv om skolen er litt langt bak i hovudet for dei fleste nå, blir det fort haust att med nye rundar omkring fråver.
Aftenposten er raskt ute på leiarplass med kort og konsis melding, Fraværsgrensen må bestå. Leiarskribenten trekkjer arbeidslivs-kortet. Elevane må ha same disiplin som tilsette, dei må stilla på jobb kvar dag. Elevorganisasjonen vil ha bort grensa. Dei vil i staden ha ein spennande skole som engasjerer.
Det høyrest fornuftig ut at elevar skal læra å vera arbeidstakarar. Stå opp om morgonen, gå på jobb og gjera si plikt. Men åra på vidaregåande skole er ikkje arbeidsliv. Det er skoleliv og ungdomstid. Det er førebuing til vaksenliv og arbeidsliv. Kanskje bør vilkåra vera annleis enn for vaksne arbeidstakarar? Dei unge skal læra, utforska, prøva ut, orientera seg og i det heile tatt utvikla seg . Truleg er det riktig å gi dei eit visst spelerom, ikkje stengja dei inne i eit klasserom i eit bestemt tal timar for dagen. Slapphet eller skoletrøtthet er berre ein av mange grunnar til at elevar ikkje stiller til time. Ei av dei som er inne i fråversregimet for vidaregåande skole, er Maya på 17 år. Ho uttaler seg på eigne vegner på Si;D: «Hva med å la alle disse forskjellige typene elever, med forskjellige læringsprosesser og forskjellige mål, få lov til å møte opp til prøven og få muligheter til å ta den uten å få stryk på grunn av hvordan de har studert?»
Som motvekt mot dette kan vi føra opp samfunnskostnadene ved å driva vidaregåande skole. Har du fått ein plass, kostar det samfunnet ein god del kroner i året. Bør ikkje eleven då vera til stades og gjera seg nytte av plassen?
Eit mottrekk til arbeidslivsargumentet er også dei sterke endringar vi ser i arbeidslivet. Jobben vert gjort heime, på reise, på kafé og ofte med fleksible tidsrammer.
Kva vart så konklusjonen? Som alltid, saka kan sjåast frå fleire sider. Uansett, ikkje gløym å høyra på dei unge sjølve, dei som har skoen på. La oss ta inn over oss at samfunnet er sterkt endra sidan 50-åringane var skoleelevar på yrkesskole og gymnas. Læringsprosessane er endra, tilgangen på kunnskap er enorm, og skolen strever med å ta konsekvensen av det. Vi treng skoleutvikling snarare enn grenser.
Torhild Slåtto

FuNs partnerprosjekt Game Hub Scandinavia vant Startup-pris for gode resultater

Og ikke nok med at over 40 virksomheder med fokus på spilindustrien har sett dagens lys i miljøet, hele partnerskapet er blitt belønnet med EU-pris.

Det krever massiv innsats for å skape et miljø hvor gode ideer blir til gode virksomheter. Det gjelder for de enkelte iverksettere, men også de offentlige administratorer som omgir dem – lokalt og regionalt. Og her kan europeiske myndigheder lære av prosjekteierne i Game Hub Scandinavia.

EU-Parlamentet, som står bak Startup Europe Awards overrakte prisen «Best Public Administration for Startups Award» til det felles nordiske Game Hub Scandinavia, somr har mange flere delprosjekter i støpeskjeen innen prosjektperioden går ut i 2018.
Les mer her