Navigate / search

Ny glanstid for fylkeskommunen?

Fylkeskommunen får ei forsterka rolle som samfunnsutviklar frå 2020, lova statssekretær Grete Ellingsen i Kommunaldepartementet.
Fylkeskommunen får ei forsterka rolle som samfunnsutviklar frå 2020, lova statssekretær Grete Ellingsen i Kommunaldepartementet.

av Torhild Slåtto
Fylkeskommunen får ei forsterka rolle som samfunnsutviklar frå 2020, lova statssekretær Grete Ellingsen på temakonferansen om kompetansepolitisk strategi i Bergen på onsdag (29.juni). Dei får ansvar i kompetansepolitikken, blant anna skal dei halda oversikt over behova for kompetanse hos bedrifter og etatar i eigen region. Kor mange ingeniørar trengst i Trøndelag? Kor mange sjukepleiarar i Oslo? Samtidig må dei sørgja for at det er tilstrekkeleg tilgang på kompetanse i arbeidsstyrken. Det må skapast balanse mellom behov og tilgang. Nå vil sjølvsagt fylkeskommunane henta kompetanse hos kvarandre, slik dei alltid har gjort. Oslo har gjerne forsynt seg grovt av kompetente personar frå øvrige fylkeskommunar. Men kanskje vil kompetansen gå andre vegar i åra framover?

 

Kompetansepolitikk er inga lettvektar-oppgåve. Den ligg i eit trangt skjæringspunkt mellom næringspolitikk, utdanningspolitikk og regionalpolitikk. Her er det mange aktørar i sving, mellom anna høgare utdanningsinstitusjonar, som har ei sjølvstendige stilling, og som er opptatt av studiekvalitet og studiepoeng. Næringslisorganisasjonane steller med bedriftene sine utfordringar, og regionråda prøver å stimulera til næringstuvikling. Partane i arbeidslivet er også med i mange samanhengar. Og mange andre aktørar.

Regionalreforma skal gi fylkeskommunane større handlingsrom og større fridom til å bestemma over pengane sine. Regjeringa har tru på at regionale utfordringar best kan løysast på regionalt nivå, heiter det. På den eine sida bør fylkeskommunane vera glade for nye oppgåver, og på den andre sida kanskje skeptiske til kompetansejobben dei får.

 

– Kva meiner du er den viktigaste føresetnaden for at fylkeskommunen skal lykkast i å skapa regional kompetanseutvikling, spør Vox etter at konferansen er over, og vi som deltok er komne vel heim att. Det er sikkert mange føresetnader for å lykkast. Eg skal berre peika på eit par av dei: Den eine er gode infrastruktursystem som gir riktig flyt av informasjon og kommunikasjon. Både internt i den enkelte fylkeskommune, men også mellom fylkeskommunane. Den andre føresetnaden er bruk av dei mulighetene som nettet gir. Bruk nettet til kommunikasjon, karrierevegleiing og utdanning, er mitt sterke råd. Det finst mykje god kompetanse på bruk av nettbaserte møter og webinarer, nettvegleiing og nettstudier hos så vel private som offentlege aktørar. Bruk denne kompetansen. Ingen grunn til å begynna med blanke ark når det alt finst rikeleg med kompetanse.

Livslang karrierevegleiing skal vera eitt av tiltaka i kompetansepolitikken. Dette vart understreka på Bergenskonferansen. Vel og bra, men per i dag er det ikkje kapasitet til karrierevegleiing for meir enn ein liten prosent av det norske folk. Ein vil heller ikkje komma opp i den nødvendige kapasiteten, før ein satsar sterkt på nettbasert vegleiing. I NOU 2016:7 «Norge i omstilling – karriereveiledning for individ og samfunn» ligg det også eit klart råd om å byggja opp nettbasert vegleiing. Det er berre å gå i gang.

Torhild Slåtto

Leave a comment

name*

email* (not published)

website