Navigate / search

Kost-nytte med store fagkonferansar?

av Torhild Slåtto. Kva får vi ut av å delta på store fagkonferansar? Kva er kost-nytte? Eg veksla eit par tankar om dette med den nyvalde styreleiaren vår, Kristin Dahl, i ein pause på den europeiske EDEN-konferansen i Zagreb sist veke. Saman med 300 andre deltok vi på mengder av foredrag, workshop-ar og posters. Eg kom heim både overfylt og tom i hovudet på same tid. Tom fordi eg kjende meg sliten av alle orda og den tettpakka informasjonen. Kanskje eit blogginnlegg kan klara tanken?

Det sterkaste inntrykket etter ein konfeanse er for meg menneska, ikkje power point-ane. Det var Maria og Isabella som snakka engasjert om det opne universitetet i Brasil. Etter 7-8 års drift når dei ut til 270 000 studentar som bur spreidt over dette enorme landet, med utdanningsbehov som nordmenn ikkje heilt kan forstå. Teknologien kjem dei til hjelp. Det var kroatiske Tomislav, som eg prata med under konferansemiddagen. Han er forskarassistent og doktorgradsstudent, tener 5000-6000 kroner i månaden, og driv ein liten vingard på fritid. Han var ein av fem som var nominert til kåringa av beste paper under konferansen. Han vann ikkje, men strålte av glede. Det var også svenske Kristoffer som arbeider med utdanning for vaksne i Karlshamn. Han er totalt avhengig av rullestol, men let ikkje det hindra han i å vera med på europeiske konferansar. Det var også foredragshaldar Jeff Haywood frå University of Edinburgh som gav oss eit interessant oversiktsbilete av «digital education» og livslang læring. Eller Grainne Conole fra universitetet i Leicester. Ho oppdaterte oss om mooc-utviklinga.  Eg nemner også den norske ambassadøren til Kroatia, som tok imot oss i ambassaden. På ein time lærte vi mykje om krig, folkeslag, politikk og næringsliv i Balkan-statane, med vekt på Kroatia. Landet har for eksempel stort overskott av ingeniørar, men få  søkjer jobb utanlands, dei vil helst vera heime. Ved å bu i Zagreb i 3-4 dagar fekk eg også ein ørliten smak av ein by eg visste nesten ingenting om. Midt i byen står det ein mektig katedral som vart påbegynt for tusen år sidan. Inngangspartiet ligg i ein utsmykkingsdivisjon som vi ikkje har i dag.

Utbyttet mitt er faktisk stort når eg tar ei oppteljing. Men det vart ikkje betalt av mi lommebok. Kva er nytta for arbeidsgjevar? Kva får arbeidsgjevarane ut av å senda tilsette til ein slik konferanse? Dei får litt betre orienterte og kanskje også inspirerte medarbeidarar, med kontaktar og nettverk som kan komma til nytte, med informasjon om prosjekt, mulige prosjektpartnerar for framtida, kanskje nye idear og ny innsikt som kan springa ut i ny aktivitet ein gong i framtida. Kva får arrangøren ut av ein slik konferanse? Det europeiske fjernundervisningsnettverket EDEN har det som ei viktig oppgåve å skapa møtestader og stimulera til nettverksbygging, og spreia kunnskap om forskning og utviklingsarbeid på feltet. Dette oppnår dei langt på veg gjennom dei årlege storestilte konferansane.

Den store vinnaren er kanskje EU, når alt kjem til alt? Europeiske fagkonferansar gir alliansebygging i det små. Auka mobililtet. Institusjonar og personar som møtest med samarbeid som fellesnemnar – og lyst og evne til å dela – gir stabilitet. Det er fredsbygging i siste instans.