Navigate / search

Gå digitalt!

Statistikken seier at 400 000 personar her i landet ikke er gode nok til å lesa, skriva og rekna, eller dei manglar digitale ferdigheter. Mange av dei er i arbeid, og mange slit i jobben fordi dei manglar såkalla basiskompetanse. Vox har utvikla «læringsmål i grunnleggande ferdigheter», og lyser også ut mange millionar til arbeidsgivarar som arrangerer opplæring i lesing, skriving, rekning eller digitale ferdigheter.

Kva betyr det å ikkje kunna lesa og skriva godt nok? Å lesa er å skapa meining ut frå ein tekst. Å skriva er å gi uttrykk for det ein har på hjartet. Å skriva er også å utvikla eigne tankar og eiga læring, står det i rammeverket for grunnleggende ferdigheter (Utdanningsdirektoratet 2012). Og vidare heiter det at å kunna skriva er ein føresetnad for livslang læring og for å delta aktivt i samfunnslivet på ein reflektert måte.

Tilbake til dei 400 000. Truleg er mange av dei gode på bruk av smarttelefonen eller datamaskinen, basert på ikoner og enkle formuleringar, samstundes som dei unngår lengre tekstar eller reknestykke. Andre kan ha store problem med å rekna ut prisen på det dei handlar, men er kløpparar til å lesa og skriva. Kanskje løysinga ligg nettopp her, å ta utgangspunkt i det ein beherskar for å læra seg det ein ikkje kan. Det er eit urgammalt pedagogisk prinsipp å møta eleven der eleven er. De vaksne som handterer datamaskin og smarttelefon, kan ha stor nytte og glede av multimediale og spelinspirerte kurs på nett. Mobiltelefonen kan vera eit hendig verktøy. Lausrevne stavingar finn saman i ord, og orda kan byggast saman til setningar. Bilder pluss lyd blir til ord, dialog i teikneseriar set orda saman og gir meining. Tala kan også leikast med på måtar som gir meining og forståing. Det skjer spennande utviklingsarbeid på læringsressurar for grunnleggande ferdigheter, mellom anna er Norsk Nettskole i gang med hjelp for lesesvake. Kanskje ein god ide å bruka eit par av dei 134 millionane for basiskompetanse i arbeidslivet til å utvikla nettbaserte læringsressursar? Gå digitalt!