Navigate / search

FuN bloggen: Når TILGANG til utdanning gir suksess

Fleksibel utdanning Norge deltar i eit nordisk prosjekt om bruk av IKT for mellom anna dyslektikarar, saman med representantar frå Grønland, Island, Sverige og Danmark. FuNs representant, Torhild Slåtto, saman med Elisabeth Jensen og Vitto Karlsen fra Sisimiut, Grønland. Her på møte hos Viska på Vestmannaeyjar, Island.
Fleksibel utdanning Norge deltar i eit nordisk prosjekt om bruk av IKT for mellom anna dyslektikarar, saman med representantar frå Grønland, Island, Sverige og Danmark. FuNs representant, Torhild Slåtto, saman med Elisabeth Jensen og Vitto Karlsen fra Sisimiut, Grønland. Her på møte hos Viska på Vestmannaeyjar, Island.

av Torhild Slåtto

Vestmannaeyjar er eit øysamfunn med 4200 innbyggjarar på sør-vestkysten av Island. Det ligg verhardt til, og storm og uvær er daglegdags. I 1973 vart dei hardt ramma av vulkanutbrot, men greidde på kort tid å stabla samfunnet på beina att. Mangel på fagfolk var eit stort problem i mange år. Kvar tredje lærar var ufaglært, og det mangla sjukepleiarar, økonomar og barnehagepersonale. I dag er det fagfolk i alle stillingar, og det er lita arbeidsløyse på øya. Kva har skjedd? Har dei «importert» folk? Nei, i liten grad. Svaret ligg i utdanningspolitiske tiltak. Island etablerte læresentra på høgare nivå for vaksne ti stader i landet (første senter i 1998). Dei «lokkar» folk i gang med rådgjevingstime og startkurs der ein lærer å læra, og lærer å tru på seg sjølv. På høgare nivå bruker dei desentralisert undervisning, med videooverføring frå universitet og høgskolar i Reykjavik og Akureyri. Arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane i Island etablerte også eit sentralt vaksenopplæringsorgan saman. Senteret støttar utdanning av vaksne på ulike måtar, mellom anna med pengar til tiltak på vaksenopplæringssenteret på Vestmannaeyjar. Vestmannaeyjar var ikkje på lista over dei som skulle få eit senter, men etter iherdig lobbing lykkast det. Nå feirer senteret, Viska, 10 år. På desse ti åra har dei utdanna ein heil flokk av eigne innbyggjarar, og dermed skaffa fagfolk til lærarrom, barnehagar, kontor og sjukehus. Øyværingane er elles ikke redde for å fara til Reykjavik eller Skandinavia for å ta utdanning, men dei som er etablerte på øya bruker senteret. Vismas folk er på si side aktivt ute og rekrutterer. Vaksenopplæringssenteret, skolen og andre etatar på øya har også eit velutvikla samarbeid. Dei bruker fagressursane  i eit samverknad som gir synergieffektar. Fleksibilitet på alle plan gir resultat.